Nyttig

 Naudetatar (Emergency numbers)

 

Brann (Fire) 110
Politi (Police) 112
Ambulanse (Ambulance) 113
Legevakt ( Emergency ward) 116117

 

Nyttige lenker for å bu i Noreg (Useful links - how to live in Norway)         

 

Økonomisk støtte og lovverk (Housing allowance and law)

 

 

Oppseiing av omsorgsbustader 

Ved oppseiing grunna dødsfall eller overgang til sjukeheimsplass, kan det vera mogeleg å få redusert oppseiingstid,  dersom bustaden vert leigt ut på nytt eller skal pussast opp.

 

Me oppmodar difor om å ta kontakt med oss dersom det er ynskje om kortare oppseiingstid, slik at ein kan få  ytterlegare informasjon og sjå på kva mogelegheiter det er  å få dette til i kvart enkelt tilfelle.

 

I utgangspunktet er oppseiingstida for alle leigekontraktar 3 månader. Husleiga i oppseiingstida vert som regel dekka av depositumet, og vil ikkje bli ein økonomisk belastning for dødsbu/pårørande/leigetakar.

 

BKE søker alltid å få ned oppseiingstida ved dialog dersom dette er eit ynskje, difor vert reell oppseiingstid ofte kortare.